Personvern

Brukarane våre si tillit er av største vekt for oss, og difor fylgjer vi ein streng integritetspolicy. Den forklarer korleis og kvifor vi samlar inn og nyttar informasjonskapslar (cookies), og korleis vi vernar brukarane si integritet.

Bruk av informasjonskapslar og andre måleinstrument

Vi nyttar informasjonskapslar for å gjere det lettare å bruke nettsidene våre og kan nyttast for å personalisere visse delar av innhaldet. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert sendt frå webserveren vår og vert lagra av nettlesaren din. Informasjonen som vert lagra kan vere opplysningar om korleis brukarane våre har surfa på og nytta nettsidene våre, og om kva for nettlesar dei har brukt.

Vi nyttar statistikk om brukarar og trafikk/trafikkleverandørar i aggregert form. Statistikken inneheld aldri nokon form for personleg informasjon, alt er anonymt. IP-adresser vert ikkje lagra i databasen vår der vi lagrar åtferd på nettstaden, difor kan informasjon om deg som brukar aldri koplast saman med identiteten din. IP-adressa di vert lagra av tryggleiksårsaker berre i dei tilfella du sjølv aktivt registrerer deg på nettstaden.

Formål

  • Utvikle og betre nettstaden gjennom å forstå korleis det vert nytta.
  • Rekne ut og rapportere brukartal og trafikk.
  • Gjere det lettare for deg å navigere på nettstaden.
  • Gjere det mogleg for systemet å kjenne igjen faste brukarar for å kunne tilpasse tenestene.
  • Av og til nyttar vi tredjepartsinformasjonskapslar frå andre firma for å gjere marknadsundersøkingar og trafikkmålingar, og for å betre funksjonaliteten på nettstaden.

Slik hindrar du at informasjonskapslar vert lagra

Du kan slette informasjonskapslar frå harddisken din når som helst, men dette gjer at dei personlege innstillingane dine forsvinn. Du kan òg endre innstillingane i nettlesaren din slik at den ikkje tillèt at informasjonskapslar vert lagra på harddisken din.

Dette gjev likevel dårlegare funksjonalitet på visse nettsider, kan hindre tilgang til medlemssider og gjere at delar av innhald og einskilde funksjonar ikkje blir tilgjengelege.

Om du ikkje ynskjer å bli spora av Google Analytics, kan dette deaktiverast på adressa:
https://tools.google.com/dlpage/gaoptout

Meir informasjon om korleis du kan unngå informasjonskapslar kan du lese på:
https://www.allaboutcookies.org/

Gå til hovudsida